Kampen mellom erkefiendane er ein klar sikkerheitsrisiko på grunn av fleire hundreår med fiendskap og mistillit mellom dei to landa. Blant tilhengjarane frå begge land er det folk med rykte på seg for å vere valdelege.
Ifølgje ein reporter frå nyheitsbyrået AFP brukte politiet vasskanonar mot tilhengjarar i nærleiken av fotballstadionet berre timar før kampen starta. Tåregass var også i bruk i området, som er sperra av av fleire rader med opprørspoliti.
Politiet danna ein buffer mot dei russiske fotballtilhengjarane som kom marsjerande mot stadionet over ei bru i byen medan dei ropte «Russland, Russland» og vifta med kvite, raude og blå russiske flagg.
Nokre polakkar ropte skjellsord mot russarane, som svarde med å kaste flasker, men tryggingsstyrkane fekk raskt situasjonen under kontroll.
Politiet fryktar at situasjonen utartar med hundrevis av rusa fotballtilhengjarar rundt om i byen etter at kampen er over. (©NPK)

