Redningsmannskap leitte tysdag etter offera som vart liggjande under samanraste leirhus i byen Mullah Jan i den fjellrike Hindukush-regionen i provinsen Baghlan.
Det første skjelvet hadde ein styrke på 5,4 og det andre 5,7. Skjelva utløyste eit jordskred som gravla husa i den avsidesliggjande landsbyen. Dei fleste av dei omkomne er kvinner og barn.
Forsterkingar frå hovudstaden Kabul var tysdag på veg til området som vart ramma av dei to skjelva med ein halv times mellomrom dagen før. Skjelva var merkbare i hovudstadsområdet, der bygningar svaia, fortalde folk i byen.
Det nordlege Afghanistan og område over grensa i nabolandet Pakistan blir ofte ramma av jordskjelv. I oktober 2005 mista 74.000 menneske livet i eit kraftig skjelv i Pakistan, som også gjorde 3,5 millionar heimlause. (©NPK)

