Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Assange ankar avgjerda om utlevering

(NPK-NTB-Reuters): WikiLeaks-grunnleggjar Julian Assange har anka avgjerda i britisk høgsterett om at han skal utleverast til Sverige i samband med skuldingane om seksuelle overgrep.

For to veker sidan avviste høgsterett med fem mot to stemmer anken frå Assange. Dommarane er ikkje samde med Assange i at den internasjonale arrestordren mot han er ugyldig.

No hevdar advokatane til Assange at enkelte av juristane kom fram til avgjerda basert på juridiske drøftingar som ikkje vart fremma i retten. Dermed fekk ikkje forsvararane høve til å argumentere mot.

Assange fekk to veker på seg til å anke avgjerda, og tysdag kunne ei talskvinne fortelje at ei anke var levert, men utan at det er klart når saka skal opp til ny behandling.

Australske Assange vart kjend over heile verda då nettstaden WikiLeaks publiserte hemmelege videoopptak og tusenvis av dokument som ikkje var offentlege om krigane i Irak og Afghanistan.

Under eit besøk i Sverige vart han skulda for seksuelle overgrep mot to kvinner, som skal ha arbeidd for WikiLeaks som frivillige.

Svensk påtalemakt ønskjer å kalle Assange inn til avhøyr, men Assange nektar å reise tilbake til Sverige. Han fryktar at han sidan vil bli utlevert til USA og stilt for retten på grunn av publiseringa av store mengder lekt materiale.

Taper han neste runde i britisk høgsterett, vil han truleg ta saka si inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.