Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Statoil kjøper produksjonsfartøy i Brasil

Oslo (NTB): Statoil har gjort avtale med Maersk om kjøp av det flytande produksjons-, lagrings- og lossefartøyet Peregrino FPSO.

Fartøyet var opphavleg ein supertankar, men ei ombygging som har kosta Maersk 1 milliard dollar i investeringar, vart påbegynt i 2007. Fartøyet har vore i bruk på det Statoil-opererte Peregrino-feltet i Brasil sidan produksjonen starta i 2011.

ønskjer ikkje å seie noko om prisen på fartøyet. Det opererer no i Campos-bassenget, 85 kilometer utanfor Rio de Janeiro. Fartøyet kan lagre 1,6 millionar fat olje og produserte godt over 15 millionar fat i det første produksjonsåret.

Statoil har sju lisensar i Brasil. Det siste året har den norske olje- og gassgiganten gjort to store funn ved Peregrino sør og Pão de Açúcar. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.