Forslaget frå samferdselsdepartementet omfattar to undersjøiske tunnelar med to løp på høvesvis 5,7 kilometer (Hundvågtunnelen) og 14,3 kilometer (Solbakktunnelen). Prosjektet vil koste rundt 10 milliardar kroner og skal etter planen opnast for trafikk i 2018.
Dei to ferjesambanda mellom Ryfylke og Nord-Jæren skal leggjast ned når Ryfast blir opna for trafikk.
Av proposisjonen går det fram at bompengar skal dekke over 90 prosent av anleggskostnadene og renteutgiftene. Dei andre kostnadene skal dekkast av Rogaland fylkeskommune, Stavanger kommune, dei berørte ryfylkekommunane og næringslivet i Stavangerregionen.
Ifølgje leiaren av transport- og kommunikasjonskomiteen, Knut Arild Hareide (KrF), vil den statlege delen av prosjektet vere null.
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) seier ho ikkje har møtt éin bedriftsleiar i området som ikkje støttar prosjektet, trass i bompengane. Ho erkjenner at undersjøiske løysingar er dyrare enn vegar og bruer, men avviser at det ligg ei udetonert bombe i framtidige vedlikehaldsutgifter. Ho hevdar det er gjort solid kvalitetssikring av tala. (©NPK)

