Då bilen hamna i sjøen ved kaia i Fosnavåg, hoppa ein polsk mann resolutt i vatnet. Han fekk ifølgje politiet festa ei lastestropp til bilen, slik at han kunne dragast inn til kaia. Deretter hoppa ei ung kvinne ned på bilen.
- Ho hadde med ein stein som ho knuste bakruta i bilen med. Ho fekk hjelp frå den polske mannen, og saman fekk dei ut mannen som sat inni bilen, og fekk han opp på land, opplyser sunnmørspolitiet.
Kvinna var i tillegg inne i bilen og sjekka at han var tom.
- Ein flott innsats frå to personar som truleg fekk forhindra ei tragisk ulykke, meiner politiet.
Mannen som vart henta ut, pusta sjølv og vart henta av ambulansehelikopter og frakta til Ålesund sjukehus for sjekk og behandling, opplyser operasjonsleiar Einar A. Rostad i Sunnmøre politidistrikt til NTB.
Politiet vart varsla om hendinga like etter klokka 16. Både ambulanse, politi og brannvesen vart sende til staden. (©NPK)

