ARRAY(0x35eebf0)
Mannen bråbremsa i panikk då han oppdaga at det kom ein bil imot, velta og sklei bortover vegen saman med motorsykkelen og kjærasten, før dei kolliderte med autovernet. Dei blei deretter slengde inn på vegen igjen der dei trefte den møtande bilen i fronten. Det tok til å brenna i motorsykkelen, og det tok fyr i kjærasten som blei stygt forbrent på kroppen og i ansiktet.
Ho har så langt gjennomført ni hudtransplantasjonar. Dei 30 første dagane på sjukehuset skal ho ha blitt halden kunstig i koma på grunn av dei store smertene. Kvinna har ikkje vore i arbeid etter ulykka, og vil vera varig invalidisert.
26-åringen, som sjølv braut foten i ulykka, vedgjekk i retten at han tok ein sjanse då han starta forbikøyringa.
I tillegg til fengselsstraff misser mannen sertifikatet i to og eit halvt år. Han må også betala 200.000 kroner i erstatning til den brannskadde kvinna. (©NPK)

