Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Sulland: - Meir og meir underbyggjer rapport nummer to

(NPK-NTB): Advokat Frode Sulland følgjer terrorrettssaka i Oslo tinghus med stor interesse. - Bevisførselen dei siste to vekene underbyggjer at Breivik er strafferettsleg tilrekneleg, seier Sulland.

Advokaten har site i retten dei siste dagane, og følgjer vitna innan psykiatri med stor interesse.

- Bevisførselen i retten går greitt, og det er stadig meir som underbyggjer sakkunnigrapporten nummer to, som seier at Breivik er strafferettsleg tilrekneleg. Det er nok den vegen vinden bles. Det blir svært spennande å høyra dei sakkunnige vitna seinare i veka, seier Sulland til NTB.

Han meiner også vitna frå Rettsmedisinkommisjonen er viktige for å kasta lys over om Breivik kan dømmast som tilrekneleg eller utilrekneleg.

- Det blir interessant å høyra kvifor dei ikkje har hatt nokon kommentarar til den første sakkunnigrapporten. Rapporten har hittil ikkje fått noko særleg støtte i bevisførselen, seier Sulland. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.