Men dette er ein operasjon som kjem til å krevja innsats av både bakkestyrkar, fly og krigsskip, seier Kenyas statsminister Raila Odinga. Dei internasjonale marinestyrkar i området i dag har berre mandat til å kjempa mot piratar, og ikkje til å gripa inn i militære konfliktar på land.
- Målet vårt er å koma oss til Kismayo i august. Vi har bede EU om å hjelpa oss med dei styrkane dei allereie har på plass i farvatna i regionen, men europearane er motvillige, sa Odinga på eit møte med utanlandske mediefolk i Nairobi tysdag.
Angrepet mot Kismayo må bli ein fellesoperasjon, understreka den kenyanske statsministeren vidare. Han nemnde Ugandas kontingent i AU-styrken AMISOM og etiopiske styrkar som moglege partnarar i ein slik operasjon.
AMISOM-soldatar frå Uganda og Burundi tvinga i august i fjor al-Shabaab til å trekkja seg ut frå stillingar i den somaliske hovudstaden Mogadishu. Kismayo blir no rekna som det viktigaste støttepunktet til opprørarane og staden der dei skaffar seg størsteparten av inntektene sine. (©NPK)

