Guten var saman med fire andre, tre av desse vaksne, på kanotur i Geirangerfjorden då dei kantra.
Åtteåringen vart frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse etter uhellet.
ARRAY(0x2f51ab0)
Dei andre i følgjet vart berre lettare skadd. Ulykka vart meld inn til politiet klokka 11.40.
- Hendinga vart sett av folk på land og det vart sendt ut ein rib-båt som plukka dei opp, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Leif Arne Valderhaug til NTB.
Kor lenge dei fem låg i vatnet før dei vart plukka opp er ikkje kjent, men overfor avisa er det antyda at dei kan ha lege så lenge som 30 minutt i det kalde vatnet.
Dei fem kjem frå Ukraina og er i familie. (©NPK)

