Forsvararane braut inn halvveges i Malts vitneforklaring fredag. Partane hadde fått ein 54 sider lang rapport og ein lysbildepresentasjon frå Malt på førehand, og forsvaret meinte han gjekk utover det som har relevans i saka. Geir Lippestad viste òg til personvernet, ettersom forklaringa òg kjem inn på barndom og nær familie.
Tingrettsdommar Wenche Elizabeth Arntzen lét likevel både forklaringa og kringkastinga av han halde fram. Retten viste til at dei alternative diagnosane det er snakk om, òg har vore tatt opp tidlegare.
Lippestad kom med hardt skyts mot aktoratet om saka. Han meinte vitnemålet til Malt hadde preg av å vere ein ny sakkunnigrapport, som i så fall må gjennom den same formelle prosessen som dei andre.
- Dette har vi fått eksplisitt forklart at dette ikkje skulle vere, men ut frå det som har komme fram i dag, meiner vi han går over i den kategorien, sa Lippestad i retten.
Arntzen peika på at retten berre har fått lysbildepresentasjonen, ikkje rapporten til Malt. Dermed er rapporten innanfor det som blir rekna som støttenotat til ei forklaring, som både sakkunnige og andre vitne kan bruke. (©NPK)

