Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Det spøkjer for homofile vigslar i Noreg

(NPK-NTB): Den norske kyrkja utset igjen å ta stilling til om homofile skal få gifte seg i kyrkja. Åpen kirkegruppe for lesbiske og homofile kallar behandlinga «feig og pinleg».

Preses for Bispemøtet, Helga Haugland Byfuglien, leier utvalet som skal «utrede premisser for en kirkelig samlivsetisk tenkning og veiledning». Dei skulle levert innstillinga si om vigslar for homofile 1. oktober i fjor, men utsette det til juni i år. No er det sett ny frist til september. Om dei er positive til at homofile skal få gifte seg i kyrkja, vil det framleis ikkje kunne bli ein realitet før Kyrkjemøtet har sagt ja, tidlegast i 2015

- Det er heilt opent om det blir ein vigselsliturgi for likekjønna par. Det er ikkje berre spørsmål om år, men om kyrkja skal innføre ein slik liturgi, seier Byfuglien til Vårt Land.

Leiar Geir Wiknes i Åpen Kirkegruppe for lesbiske og homofile er skuffa:

- Det er ei feig kyrkje som viser ansikt her. I Sverige og Danmark har kyrkja på kort tid klart å etablere ei ordning for likekjønna ekteskap. Kvifor får dei ikkje til det i Noreg, seier han til NTB.

Han synest det er ille at Byfuglien no set spørsmålsteikn ved om det i det heile tatt blir kyrkjelege vigslar for homofile:

- Dette er feigt og eit signal om at ho er i ferd med å gi opp. Då ho vart utpeikt til preses sa ho at saka var overmoden og at ho ville ha ei ordning fort. Det er veldig trist at ho ikkje lenger kan stå for det same som ho sa den gongen.

- Kyrkja har sagt ja til homofil, men berre litt, liksom. Det er lett å bli oppgitt, seier Wiknes. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.