Busch følgde rettsforhandlingane i sal 250 i Oslo tinghus fredag, og synest vitneprovet til professor Ulrik Fredrik Malt rundt diagnosane var interessant. Malt tok frå kvarandre diagnosane Breivik har fått i dei to sakkunnigrapportane, og vurderte dei ut frå teoretisk drøfting.
- Eg les han som at han ikkje ser bort frå paranoid psykose, det synest eg kjem tydeleg fram så langt. Dette er av dei heilt sentrale spørsmåla, korleis tvilsaspektet skal slå ut. Men eg åtvarar mot å konkludere no, vi må vente til vi er ferdige med heile denne bolken, sa riksadvokat Busch til pressa i ein pause.
Han ønskte fredag ikkje å seie noko om kven av dei sakkunnige han reint fagleg heller mot.
- No er vi i kjernepunktet i saka. Vi tar ikkje stilling til dette før prosedyrane skal byrje, sa han. (©NPK)

