annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Frykt set raudfarge på europeiske børsar

(NPK-NTB): Negative tal farga fredag alle dei europeiske børsindeksane raude. I Oslo slutta hovudindeksen med ein nedgang på 1,74 prosent til 377,66 poeng.

På den omfattande all share-indeksen hadde berre 25 selskap oppgang, medan 107 gjekk ned og 41 av dei minst omsette aksjane heldt seg uendra. Omsetnaden låg opp mot 4,5 milliardar kroner, positivt påverka av investorar som vil ut av marknaden.

I Oslo var det kanskje like mykje eit massivt fall i oljeprisen som sende dei viktigaste selskapa innanfor bransjen ut i ny nedgang. Billegare olje stimulerer normalt børsane i ikkje-oljeproduserande land, men frykta for nedgang er aukande og prega både av fallande etterspurnad frå Kina og låge veksttall frå USA.

Hovudindeksen er no nede på same nivå som i fjor haust. Då kom optimismen sakte tilbake etter at ein tilsynelatande hadde funne ei løysing på det greske problemet. I mars vart det klart at situasjonen var noko annleis enn ein trudde. Dermed starta eit samanhengande fall, også i Oslo. Det skjedde trass i auka oljepris. No går også oljeprisen ned, og dermed skal ein leite grundig for å finne positiv stimulans for Oslo Børs.

Etter tre timars handel på dei amerikanske marknadene hadde Nasdaq sokke med 1,92 prosent, Dow Jones med 1,63 prosent og Standard & Poor's med 1,81 prosent. Alt tyda på ein solid nedgang også i USA. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.