Tonen var til dels amper då forhandlarane for dei ulike partia i energi- og miljøkomiteen møtte pressa i vandrehallen på Stortinget.
- Regjeringspartia valde å bryte klimaforhandlingane. Dei hadde ingenting å gi på viktige område som samferdsel, karbonfangst, klimaforsking, fornybar energi og energieffektivisering, seier Nikolai Astrup frå Høgre.
Ifølgje Marianne Marthinsen frå Arbeidarpartiet er historia ei anna.
- Opposisjonspartia la seg på eit nivå som var vanskeleg å ta alvorleg. Krava deira ville ha skapt bindingar på enorme summar over mange statsbudsjett. Vi er veldig overraska over at krava fekk støtte frå Høgre, seier ho til NTB.
Høgre, KrF og Venstre fremma 34 forslag til endringar i klimameldinga til regjeringa. Ingen skal ha blitt avvist av Frp, og mange blir rekna som svært kostbare. Undervegs skal det også ha vorte fremma krav om nye prosjekt for fangst og lagring av CO2 på Svalbard og i Grenland.
- Krava var urimelege. Det handla både om store omdisponeringar i transportpolitikken og andre forslag som kostar ytterlegare milliardar. Dette var ikkje noko vi kunne gå med på over bordet, seier Erling Sande frå Senterpartiet.
Astrup avviser at Høgre med eitt har vorte eit uansvarleg parti og viser til at forslaga er del av ei intern komitébehandling. Han vil ikkje garantere at dei 34 tilleggsforslaga blir reell politikk om Høgre kjem i regjering.
- Eg kommenterer ikkje forslag som er lekt. Det einaste eg kan seie er at dei fire partia på borgarleg side no set seg ned for å få til ei breiast muleg semje om norsk klimapolitikk. Vi er samde om ein god del alt, seier Astrup.
Også her er forståinga ei anna på raudgrøn side. Ifølgje Marianne Marthinsen (Ap) er det eit atlanterhav mellom Frp og dei andre borgarlege i klimapolitikken. Det meiner også Sande.
- Det verkar nær sagt umuleg å imøtekomme Frp på eine sida og resten av opposisjonen på den andre. Krava sprikte i alle retningar, seier Sp-representanten, som leier energi- og miljøkomiteen.
Venstre-leiar Trine Skei Grande seier forhandlingsbrotet synleggjer at regjeringspartia manglar ambisjonar.
- Klimapolitikken treng langsiktig tenking, men også ambisiøse politikarar som meiner noko meir enn det som blir uttrykt i årlege budsjett. Vi merkar ingen entusiasme for dette hjå regjeringspartia. Eg er kjempeskuffa, seier ho til NTB.
Venstre-toppen finn også ein sjeldan grunn til å skryte av Framstegspartiet, som ho meiner har vore «veldig konstruktive» i samtalane. Partiet var som kjent ikkje del av det førre klimaforliket frå 2008.
- Problemet i forhandlingane var ikkje å bli samde oss fire imellom. Det var regjeringspartia som var problemet. Dei viste ingen vilje til å møte oss på halvvegen, seier klimapolitiske talsmann i Frp Per-Willy Amundsen til NTB.
Lars Egeland frå SV meiner opposisjonen har skusla bort eit høve til å gi Noreg ein meir ambisiøs klimapolitikk.
- Vi la milliardbeløp på bordet, men det verkar som dei hadde bestemt seg på førehand. Eg er spesielt skuffa over Venstre, som ikkje ville støtte noko tiltak som avgrensa biltrafikken, seier han.
Spørsmålet om dei borgarlege partia dreiv overbodspolitikk med sikte på å tvinge fram eit brot, blir avvist kontant av Line Henriette Hjemdal frå KrF. Ho avviser at det låg taktiske omsyn bak forhandlingsstrategien.
- Dette var reelt. For KrF har det vore viktig å ha augekontakt med målsetnadene i klimaforliket. Når regjeringa dreg oss i motsett retning, og gjer dette vanskelegare, vart forhandlingane meir enn krevjande. Eg er skuffa over regjeringa som gjekk frå rommet etter å gitt så lite, seier ho.
Energi- og miljøkomiteen i Stortinget skal gi si innstilling til klimameldinga innan 9. juni. To dagar seinare skal innstillinga behandlast av Stortinget. (©NPK)
