Den Nato-leidde Kosovo-styrken brukte tåregass og skaut gummikuler mot folk som prøvde å hindre soldatar i å fjerne sperringar som serbarane har etablert i ein landsby nord i Kosovo.
Det har sidan i fjor vore fleire liknande samanstøyt i området.
Fleire hundre menneske deltok i protesten mot at barrikadane skulle fjernast fredag. Barrikadane er sett opp for å hindre at kosovoalbansk politi kjem inn i det serbiske området.
Serbiske innbyggjarar sette opp dei første barrikadane i juli i fjor. I november vart om lag 50 KFOR-soldatar såra då dei prøvde å fjerne sperringane. (©NPK)

