Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Teken etter skyting på Nav-kontor på Tøyen

(NPK-NTB-Margrethe Håland Solheim): Ingen personar kom til skade då ein mann losna skot inne på eit Nav-kontor på Tøyen i Oslo fredag ettermiddag. Mannen er teken hand om av politiet.

Klokka 13.37 fekk politiet melding om ein mann med våpen inne på Nav-kontoret.

- Ifølgje meldinga var det fleire personar til stades i lokalet, og mannen skulle ha avfyrt eitt eller fleire skot, opplyser innsatsleiaren i politiet Thor Langli til NTB.

Store politistyrkar, deriblant beredskapstroppen, rykte ut, og mannen vart raskt teken.

- Politiet starta straks å søkje gjennom bygget, og klokka 13.54 kunne politiet loggføre at det ein trur er gjerningsmannen var gripen, skriv politiet i ei pressemelding. Den gripne er ein 60 år gammal mann.

Ingen vart fysisk skadd, får NTB opplyst, men mange av dei Nav-tilsette var i sjokk og gret etter den skremmande episoden. Dei vart samla og tekne hand om, opplyser politiet.

Det gjekk roleg for seg så politiet tok mannen.

- Han sat stille på ein stol på eit kontor med våpenet ved sida av seg, opplyser Langli.

Våpenet som vart avfyrt, var eit einhandsvåpen.

Mannen har vore på Nav-kontoret tidlegare, men politiet kan ikkje seie noko meir om han.

Politiet kan ikkje stadfeste meldingar om at mannen tok eit gissel. Han vart sett inne på eit kontor saman med ein annan mann, men det kan ikkje omtalast som ein gisselsituasjon, får NTB opplyst.

ARRAY(0x31b1310)

- Han skaut i taket, og alle som var på senteret sprang ut i panikk, seier han.

Etter det vitnet såg, vart ingen personar treft. Han omtalar våpenet som lite og sølvgrått.

- Det var skummelt, alle vart veldig redde, til og med vakta som jobbar der sprang ut, seier han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.