Irane gjekk til urnene torsdag, og regjeringa erklærte sigeren ved lunsjtider fredag, sjølv om det offisielle resultatet enno ikkje var klart. Irland var det einaste EU-landet der det vart halde folkeavstemming om den såkalla finanspakta.
Pakta vart pressa gjennom av særleg Tyskland i vinter, og er til no ratifisert av fem EU-land. Ho trer i kraft når 12 av dei 17 landa i eurosona har ratifisert ho.
- Regjeringa sukkar letta, meir enn å feire, seier den irske transportministeren Leo Varadkar.
Det var på førehand venta at jasida ville vinne. Motstanden har vore stor, men regjeringa lykkast med å nå fram med bodskapen om at eit nei ville kunne få svært alvorlege konsekvensar for landet. Ifølgje regjeringa ville det hindre nye kriselån frå EU om det skulle bli behov for meir økonomisk naudhjelp, noko mange økonomar trur det vil bli. (©NPK)

