Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Russisk våpenlast til Syria i helga

(NPK-NTB-Reuters): Eit russisk lasteskip som ifølgje vestlege tenestemenn var fullasta med våpen, la til kai i den syriske hamnebyen Tartus sist laurdag, ifølgje ein menneskerettsgruppe.

- Oppdaterte databasar for skipsfarten viser at Professor Katsman faktisk la til i hamna i Tartus 26. mai før det sette kursen mot Pireus i Hellas, seier Sadia Hameed i gruppa Human Rights First.

Vestlege tenestemenn i FN-hovudkvarteret i New York stadfestar opplysningane. Dei meiner skipet frakta våpen som var meint for regimet i Damaskus.

Russiske styresmakter hadde torsdag kveld ikkje kommentert opplysningane. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.