- Offera for massakren i førre veke var familiar som nekta å ta avstand frå regjeringa og som var i konflikt med dei væpna gruppene, hevdar leiaren for den regjeringsoppnemnde granskingskomiteen, brigadesjef Qassam Jamal Suleiman.
På ein pressekonferanse i Damaskus torsdag sa han også at mange av dei drepne var slektningar av eit syrisk parlamentsmedlem. 108 personar vart drepne i massakren.
Opposisjonen meiner at regjeringsstyrkar og ein væpna milits som støttar regimet, utførte massakren. Vitne på staden har fortalt det same til FN-observatørane i landet.
Over hundre menneske vart drepne i byen Houla førre helg. (©NPK)

