Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- EU planlegg nye sanksjonar mot Syria

(NPK-NTB-Reuters): EU har begynt å arbeide med nye sanksjonar mot regimet i Syria, ifølgje den britiske utanriksministeren William Hague.

EU ønskjer også at andre land gjer det same i eit forsøk på å presse president Bashar al-Assad til å rette seg etter fredsplanen til FN og Den arabiske liga.

Hague var torsdag i Istanbul der han deltok på ein konferanse om Somalia saman med blant andre FN-generalsekretær Ban Ki-moon.

Både Hague og Ban meiner no at konflikten i Syria er i ferd med å utvikle seg til full borgarkrig som truar med å spreie seg til andre land i regionen.

Hague ser heller ikkje bort frå at den syriske staten kan komme til å bryte heilt saman. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.