- Det var merkeleg. Éin dag var eg heilt ferdig og orka ingen ting, mens dagen etter var eg i rekordform og trena hardt. Heile hausten var slik, og rundt juletider var eg totalt utsliten, seier Brå til avisa.
Etter fleire legebesøk utan å finne noka direkte årsak til problemet, vart Brå EKG-testa. Testen viste at han hadde hjarteflimmer.
For ei dryg veke sidan lét helten frå Oslo-VM i 1982 seg operere. Under den fem timar lange operasjonen gjorde legane ein såkalla ablasjon, der ein del av hjarteveggen blir varma opp for på den måten å fjerne eller blokkere uønskte elektriske signal.
- Eg føler meg betre no, men eg er stadig sliten, seier Brå.
Han har truleg hatt sjukdommen i fem år og permanent dei siste månadene. Han skulle ha vore med i langløpet Marcialonga i januar, men valde å stå over etter råd frå legane.
Etter det Dagens Næringsliv skriv, står han oppført i resultatlista fordi ein annan løpar gjekk med hans startnummer. (©NPK)

