Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Camerons tidlegare talsmann arrestert

(NPK-NTB-Reuters): Andy Coulson, den tidlegare pressetalsmannen til Storbritannias statsminister David Cameron, er arrestert mistenkt for å ha loge for retten for to år sidan.

Coulson var tidlegare redaktør i den skandaleomsuste Murdoch-avisa News of the World, og arrestasjonen kan kome til å svekkje truverda til Cameron, ifølgje ein britisk professor.

- Dette styrkar rett og slett spørsmåla som heng over statsministeren i samband med dømmekrafta hans då han utnemnde Andy Coulson. Vi veit no at fleire personar åtvara Cameron om at dette kanskje ikkje var eit passande trekk, seier Ivor Gaber, professor i politisk journalistikk ved City University i London.

Spørsmålet som mange stiller seg, er om Cameron tilsette Coulson for å sikre seg støtta til mediemogulen Rupert Murdoch.

Coulson var redaktør i News of the World frå 2003 til 2007. Han gjekk av som pressetalsmann for Cameron i januar i fjor som følgje av avsløringane om at avisa hadde avlytta telefonsvararar til fleire kjente britar. Avisa blei til slutt nedlagt.

Ifølgje skotske påtalemyndigheiter er Coulson mistenkt for meineid, altså for å ha gitt frå seg falsk forklaring, under eit rettsmøte i Glasgow i 2010. Saka dreidde seg om ein avisartikkel som blei publisert medan Coulson var redaktør.

Coulson blei også arrestert og teke inn til avhøyr i juli i fjor som følgje av avlyttingsskandalen. Han blei sett fri same dag og har sjølv sagt at han ikkje kjente til at journalistane i avisa gjorde noko ulovleg medan han var redaktør. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.