Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Snildal innfridde og tok EM-gull

(NPK-NTB): Ingvild Snildal var i føringa frå start til mål og tok gull på 100 meter butterfly under symje-EM i Ungarn fredag.

Ho enda tre hundredelar føre den svenske sølvvinnaren Martina Granström.

Snildal opna knallsterkt og leidde klart ved vendinga etter 50 meter. Sjølv om ho fekk hard konkurranse av Granström mot slutten, heldt det heilt inn for 23-åringen.

Vinnartida var 58,04. Israelske Amit Ivri tok bronse på 58,78.

Asker-symjaren Snildal tok sitt første EM-gull berre halvtimen etter at lagveninna Sara Nordenstam gjorde det same, men då på 200 meter bryst. Det var den perfekte måte å heidre den døde verdsmeisteren Alexander Dale Oen på.

Etter løpet peika Snildal på Oens initialar, som dei norske symjarane har på badehetta.

Snildal har vist knallsterk form under EM og følgde på glimrande vis opp bronsemedaljen ho fekk på 50 meter butterfly tysdag. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.