Idyll og fullt køyr går hand i hand for tittelforsvararen. Sognsvann låg blikstille og bada i sol onsdag.
Handballjentene måtte sjå langt etter avslapping. Det vart med litt vassing for nokre av dei.
- Eg har innstilt meg på at det ikkje blir nokon ferie i sommar. Vi hadde ein tur til USA i fjor. Så få vi sjå kva det blir om eit år, seier stjernekeeper Katrine Lunde Haraldsen til NTB.
Onsdag dyppa ho føtene så smått i vatnet for å tekkjast fotografen.
- Vi skal ha spelarane i form tidlegare enn vanleg. Derfor må vi skreddarsy eit opplegg nesten for kvar enkelt, seier Hergeirsson til NTB.
Fysikken har gjort Noreg til ei vinnarmaskin på handballbana. Slik skal det - om Noreg får det som dei vil - også bli i London i juli og august.
Noreg skal kort og godt stå løpet best av alle både fysisk og psykisk.
Onsdag til veka vert dei to puljene trekte.
- Det er bortkasta energi å tenkje på det. Ein kan ønske så mykje ein vil, men vi tar det vi får, seier Hergeirsson.
Noreg vann gull i Beijing. Då var Hergeirsson Marit Breiviks viktige trenarkollega.
Laget hans er no tittelforsvarar i alle meisterskap (OL, VM og EM). Dette er nøkkeldatoane til handballjentene framover.
30. mai: Trekning av OL-grupper (to med seks lag i kvar).
9. - 23. juni: Trening og kampar (mot Sverige) i Portugal.
24. juni: OL-uttak Gardermoen.
9. - 17. juli: Precamp med turnering mot Sverige, Frankrike og Danmark (Oslo og Drammen).
24. juli: Avreise til OL.
27. juli: Første OL-kamp.
12. august: Dato for OL-finalen.
Ved sida av spydkastaren Andreas Thorkildsen er handballjentene Noregs einaste brennheite gullkandidat i OL.
Dei olympiske leikane har gitt mykje norsk glede i snart 24 år. Dette er Noregs merittar i kvinnehandball:
1988: Sølv
1992: Sølv
1996: 4. plass
2000: Bronse
2004: Ikkje kvalifisert
2008: Gull (©NPK)
