- Sidan nyttår har utviklinga på arbeidsmarknaden vore betre enn venta, og vi er litt meir optimistiske i prognosane våre enn det vi var for nokre månader sidan, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.
Han ventar at talet på arbeidsledige kan auke med opp mot 5.000 mot slutten av året.
Nav meiner Noreg også merkar krisa i Europa, men fastslår at vi ikkje vert ramma like hardt som mange andre land. Det går svært bra i Noreg, det vert skapt fleire jobbar og arbeidsløysa aukar berre svakt i forhold til dagens nivå, er konklusjonen.
Og samanlikna med Europa er arbeidsløysa i Noreg svært låg. I gjennomsnitt ventar Nav 66.000 ledige i år og 67.000 i 2013. Det svarar til ei arbeidsløyse på 2,5 prosent i år og i 2013.
Nav antar samtidig at mange fleire kjem i jobb dei neste to åra.
- Vi anslår at det vil vere over 80.000 fleire i jobb ved utgangen av 2013 enn det var ved utgangen av 2011. Mange av dei nye jobbane vil kome innan helse, pleie og omsorg, bygg og anlegg og den delen av industrien som leverer varer og tenester til oljesektoren, seier Lystad.
Årsaka til at arbeidsløysa aukar litt sjølv om sysselsetjinga aukar, er at befolkninga veks og fleire ønskjer å jobbe. (©NPK)

