Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Truleg fullt hus mot England

(NPK-NTB): Berre 2.000 billettar står att før Ullevaal stadion er utselt til landskampen mellom Noreg og England laurdag, skriv VG.

- Ja, vi trur det blir fullt, seier kommersiell direktør Tom Fodstad.

Norges Fotballforbund auka billettprisane då det vart klart at England kom til Noreg i EM-oppkøyringa. På langsidene kostar ein billett 750 kroner.

- Vi hadde bomma om det hadde kome 12-15.000 tilskodarar. No blir det bra. Men for NFF er ikkje dette nokon stor butikk. Vi ville ha tent veldig mykje på ein kvalifiseringskamp mot England. Ein privatkamp er noko anna, seier Fodstad.

Tidlegare har Dagbladet skrive at det skal ha kosta 10 millionar kroner å få Englands stjernegalleri til Noreg.

Roy Hodgson leier England for første gong laurdag. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.