Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Gravide er stadig meir borte frå jobb

(NPK-NTB): Sjukefråværet blant gravide har auka markant. Forskarane veit ikkje kvifor.

Frå 1995 til 2007 auka sjukefråværet blant gravide kvinner frå 16 til 24 prosent. Etter fødselen blir sjukefråværet normalt igjen. Det viser ein ny studie som er gjort av Karsten Marshall Elseth Rieck ved Universitetet i Bergen og Kjetil Telle i Statistisk sentralbyrå. Studien, som har namnet «Sick leave before, during and after pregnancy», blei offentleggjort måndag.

Undersøkinga tek føre seg sjukefråværet til 175.000 yrkesaktive kvinner som fekk det første barnet i perioden 1995- 2008. Tala frå studien viser at sjukefråværet byrja å auke allereie frå den første månaden kvinnene var gravide.

Forskarane har undersøkt om stadig høgare gjennomsnittsalder for førstegongsfødande og auka sannsyn for tvillingfødsel kan forklare det auka sjukefråværet, men dette har dei ikkje funne grunnlag for.

ARRAY(0x2cfd588)

Marit Heiberg, leiar for Den Norske Jordmorforeningen, meiner at grunnen ofte kan vere at omgivnadene forventar at gravide skal bli sjukmelde.

- Statistikken viser at tala stagnerer rundt 2003, så det er ikkje slik at sjukefråværet er på full fart oppover, seier Heiberg. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.