Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ny bølgje av avrettingar i Iran

(NPK-NTB-AFP-DPA): Iran har avretta 18 personar som var dømd til døden for narkotikahandel. Iranske menneskerettsforkjemparar fordømmer bølgja av avrettingar den siste veka og bed verdssamfunnet reagere.

Ifølgje nyheitsbyrået DPA blei 14 iranarar hengt i hovudstaden Teheran måndag. To blei avretta i Sanandaj, som er hovudstaden i provinsen Kurdistan nordvest i Iran, ein i den nordiranske byen Sari og ein i vestiranske Kermanshah.

ARRAY(0x24593c0)

- Vi er overraska over at verdssamfunnet er så taust, sjølv om rundt 50 menneske er avretta på berre ei veke, seier talsmannen for gruppa, Mahmood Amiry-Moghaddam.

Han bed FN ta samarbeidet med Iran om kampen mot narkotikatrafikken opp til ei ny vurdering.

- FN og fleire vestlege land samarbeider med det iranske regimet om denne kampen, der mange av dei arresterte blir avretta, heitte det i ei pressemelding måndag.

Samarbeidet må stoppast inntil verdssamfunnet er heilt overtydd om at medverknaden ikkje fører til endå fleire avrettingar i Iran, krev Iran Human Rights.

Amnesty International meiner 252 menneske blei hengt i Iran i fjor, medan Human Rights Watch set talet til 388. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.