- Klokka 16.10 fekk vi melding om ei knivstikking i Rådhusparken i Porsgrunn. Då politiet kom til staden, fann dei ein skadd mann, og vi jaktar no på gjerningsmannen. Vi kjenner identiteten til han vi er ute etter, seier operasjonsleiar Gisle Småge i Telemark politidistrikt til NTB. Politiet har oppsøkt fleire adresser i jakta på det som truleg er gjerningsmannen, men ved 20-tida var ingen enno gripne i saka.
Politiet har væpna seg, men seier dei ikkje har grunn til å tru at mannen dei leiter etter er farleg for publikum. Mannen er kjend av politiet, opplyser Småge.
Operasjonsleiaren seier han ikkje veit kva som har skjedd i tida før knivstikkinga eller kor alvorlege skadar 37-åringen har fått. Den skadde mannen blei køyrd til Sjukehuset Telemark.
- Det eg har fått vite, er at han hadde skadar som var kopla til knivstikking. Ut over det har eg ingen detaljar, forklarar Småge. Han legg til at patruljen som kom til staden, snakket med 37-åringen, som var medviten. (©NPK)

