Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Spionsjefen til Gaddafi for retten i Mauritania

(NPK-NTB-Reuters-DPA): Den libyske diktatoren Muammar Gaddafis spionsjef skal stillast for retten i Mauritania. Abdullah al-Senussi er skulda for å ha teke seg inn i det vestafrikanske landet på ulovleg vis.

Senussi sit i sentralfengselet i Mauritanias hovudstad Nouakchott. Han blir for tida avhøyrd og vil bli føra for ein domstol med det første, sa ein ikkje namngjeven talsmann for det mauritanske rettsvesenet måndag.

Abdullah al-Senussi skal ha vore ein lydig reiskap for Gaddafi, som blei styrta frå makta og drepen i oktober i fjor. Senussi har vore ettersøkt både i Libya og av Den internasjonale straffedomstolen ICC i Haag. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.