Det er i år 21 år sidan Myanmars opposisjonsleiar blei tildelt Nobels fredspris. Då sat ho i husarrest og kunne ikkje kome til Oslo for å ta imot prisen. I staden blei han tatt imot av den britiske ektemannen hennar og to søner.
- Vi er veldig glade for at ho kjem, vi har jo venta på dette i 21 år. Det blir ein stor dag i fredsprishistoria og ei oppleving for dei som får høve til å vere til stades, seier direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet til NTB.
Han opplyser at det skal vere eit møte i Utanriksdepartementet tysdag for å diskutere programmet for besøket. Lundestad håpar at så mange som mogleg skal få moglegheit til å sjå den legendariske demokratiforkjemparen.
- Foredraget vil bli halde på vanleg vis med 1.000 gjester i rådhuset, men vi legg også opp til at det skal vere forskjellige opptog og konsertar. Det er viktig at ho får anledning til å treffe folk, også dei som har engasjert seg, seier Lundestad.
Vanlegvis blir fredsprisvinnarane heidra med eit fakkeltog når dei kjem til Noreg for å ta imot prisen i desember. Det blir kanskje ein litt annan vri når hovudpersonen i staden kjem midt i juni.
- Det er ikkje akkurat sesongen for fakkeltog, men det vil nok bli noko tilsvarande, seier Lundestad.
Suu Kyi bekrefta i førre månad at ho kjem til Oslo. Ho har også sagt at ho ønskjer å reise til Bergen for å ta imot Raftoprisen, som ho blei tildelt året før ho fekk fredsprisen.
Turen til Noreg er Suu Kyis første utanlandsreise sidan 1988. Ho skal også til Storbritannia, der ho møtte ektemannen sin medan ho studerte, i tillegg til til Sveits.
- Eg har alltid sagt at det første landet eg vil besøkje er Noreg på grunn av alt dei gjorde for oss då vi gjekk gjennom vanskelege tider, har Suu Kyi tidlegare uttalt.
Då det blei kjent at den 66 år gamle demokratiforkjemparen planla å reise til Noreg, kunne kjelder i Myanmar fortelje at ho enno ikkje hadde fått pass. Men for halvanna veke sidan blei det bekrefta at passet var innvilga.
Suu Kyi blir av mange samanlikna med Sør-Afrikas fridomshelt Nelson Mandela. Far hennar, general Aung San, var ein forkjempar for at det dåverande Myanmar skulle lausrive seg frå kolonimakta Storbritannia. Han blei drepen i 1947, og Suu Kyi har fleire gonger vist til far sin under sin standhaftige kamp for demokrati trass i årevis i husarrest og fengsel.
Etter utanlandsstudiar vendte ho i 1988 tilbake til heimlandet og blei raskt ein leiande politisk skikkelse. Ho blei leiar for partiet Nasjonalligaen for demokrati (NLD), men i 1989 blei ho arrestert for å ha «trua tryggleiken til staten».
I 1990 vann NLD valet i Myanmar, men dei militære nekta å gi frå seg makta. Det skulle gå 22 år før ho endeleg fekk ein plass i nasjonalforsamlinga. Det skjedde for få veker sidan som følgje av at ho stilte som kandidat i suppleringsvalet til nasjonalforsamlinga 1. april. 42 av partifellane hennar blei også valde inn. (©NPK)

