Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Må leve vidare for dei drepne på Kjærlighetsstien

(NPK-NTB): Marte Fevang Smith (18) overlevde som den einaste av elleve personar som blei skotne på Kjærlighetsstien. No lever ho vidare for bestevenninna og dei ni andre som blei drepne ved sida av henne.

18-åringen frå Nøtterøy vitna i retten måndag formiddag. Ho blei sjølv skoten i hovudet og blei liggjande lenge i mengda av drepne ungdommar. I ettertid har ho slite med hovudplager og ein skade i foten.

- Dansing, som eg er veldig glad i, er derfor veldig uaktuelt no. Eg har også opplevd flimring i synet og øyresus, men tatt i betraktning kor nær eg var å døy, synest eg ikkje at eg har noko å klage på. Eg har ti menneske å leve for - eg må halde fram med å leve, forklarte Smith på spørsmål frå aktor Svein Holden om korleis ho har hatt det i ettertid.

Utsegna utløyste gråt hos fleire av tilhøyrarane i rettssal 250, og også administrator for retten, Wenche Arntzen, blei tydeleg prega. Mange av dei etterlatne etter dei drepne på Kjærlighetsstien følgde Smiths forklaring måndag.

Utøya-leiren skulle bli det første steget inn i eit politisk liv for Marte og bestevenninna Maria Maagerø Johannesen. Dei to heldt kvarandre i hendene då dei prøvde å spele døde på Kjærlighetsstien. 18-åringen forklarte i retten at ho merka veldig godt at Maria blei drepen, sjølv om ho ikkje såg det.

- Sommarleiren skulle gjere at vi blei kjende med folk og turte å bli med på andre AUF-arrangement. No er eg engasjert for to, både for meg sjølv og Maria, sa Marte Fevang Smith i retten måndag. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.