Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kuwait åtvarar mot reiser til Libanon

(NPK-NTB-Reuters): Kuwaits utanriksdepartement ber kuwaitarar unngå reiser til Libanon på grunn av uroa som har spreidd seg frå Syria til nabolandet.

Kuwaitiske styresmakter rår også personar som allereie er i landet, til å reise ut, ifølgje Kuwaits statlege nyheitsbyrå KUNA.

- Kuwaitarar bør ikkje under nokon omstende reise til Libanon, seier ei kjelde i departementet.

Minst to personar blei natt til måndag drepne i samanstøytar i Libanons hovudstad Beirut. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.