Etappen blei vunnen av svensken Jonas Ahlstrand frå Team Cykelcity. Lampres Alessandro Petacchi tok 2.-plassen, medan det altså blei 3.-plass til Boasson Hagen på den 185 kilometer lange etappen som enda i Tønsberg etter starten i Sandefjord.
- Eg hadde sett oppløpet berre på Google Earth, så det var ikkje studert nøye frå mi side. Vi blei også ein mann for lite. Eg blei nok litt ivrig på slutten. Då eg starta spurten, såg eg skiltet for 275 meter. Eg følte meg sterk og klar for ein spurt, men ikkje i nesten 300 meter. Dei kom fort bakfrå, sa Edvald Boasson Hagen til NTB.
Svensken blir førstemann i gul leiartrøye i det største norske etapperittet på sykkel nokon gong. Joker-ryttaren Reidar Borgersen er i føringa i bakkekonkurransen.
Det unge stortalentet Sondre Holst Enger enda på fjerdeplass og viste seg fram på storvegs vis i det internasjonale feltet med heile seks verdstourlag. (©NPK)
