Truleg var det dei amerikanske klubbeigarane John Henry og Tom Werner som gav 61-åringen sparken. Dalglish innleidde veka med møte med eigarane i Boston.
Skotten leidde Liverpool til ligacuptriumf og FA-cupfinale sist sesong, men var under stort press etter at klubben enda på 8.-plass i ligaen.
Det blei sedd som eit svakt resultat etter at klubben hadde brukt fleire hundre millionar kroner på spelarkjøp sist sommar. Samstundes blei Dalglish kritisert for å forsvare Luis Suárez då Liverpool-spissen blei funnen skuldig i rasisme mot Manchester Uniteds Patrice Evra.
Klubblegenda Dalglish fekk 16 månader i jobben før han tok farvel onsdag. Han leidde Liverpool òg frå 1985 til 1991.
Dei siste dagane har det versert mange rykte om at skotten ville forlate klubben denne veka. Allereie er fleire managerar nemnd som aktuelle erstattarar til den prestisjetunge jobben. Blant dei heitaste kandidatane er Wigans Roberto Martinez og André Villas-Boas, som fekk sparken i Chelsea tidlegare i år.
Dalglishs avskjed kjem månaden etter at fotballdirektør Damien Comolli og medisinsk sjef Peter Brukner også måtte gje seg. (©NPK)
