annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Merkel sparka miljøministeren etter valnederlag

(NPK-NTB-Reuters): Tysklands miljøminister Norbert Röttgen må gå av etter det sviande nederlaget i delstatsvalet i Nordrhein-Westfalen, der han var toppkandidat for CDU.

Röttgen har teke på seg skulda for at CDU sundag enda opp med det dårlegaste valresultatet i Nordrhein-Westfalen nokon gong. Delstatspartiet, der Röttgen var leiar, fekk berre 26 prosent av røystene medan det sosialdemokratiske partiet fekk 39 prosent.

Valresultatet blir sedd på som eit alvorleg tilbakeslag for statsminister Angela Merkel, både lokalt og på landsbasis.

Merkel takka likevel Röttgen for jobben han har gjort som tysk miljøminister.

- Norbert Röttgen har spelt ei avgjerande rolle i å leggje grunnlaget for overgangen bort frå kjernekraft, sa Merkel på ein hastig innkalla pressekonferanse onsdag.

- Like mykje takkar eg han for den store innsatsen hans i klimapolitikken, òg på internasjonalt nivå, sa ho vidare og la til at den parlamentariske leiaren til dei konservative, Peter Altmaier, blir ny miljøminister.

46 år gamle Röttgen har vore ein nær alliert av Merkel og nestleiar for kristendemokratane CDU. Han blei tidlegare sedd på som ein mogleg arvtakar etter Merkel.

Nordrhein-Westfalen er den mest folkerike delstaten i Tyskland med 18 millionar innbyggjarar. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.