annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

22. juli-heltar blir heidra i Oslo rådhus 17. mai

(NPK-NTB): Til saman ni personar blir heidra i Oslo rådhus 17. mai for å ha vist heltemot då terroren ramma Oslo og Utøya 22. juli i fjor.

Alle dei ni skal heidrast med mottaking og høgtidsam lunsj. Initiativet til arrangementet kjem frå ein einstemmig 17. mai-komité, skriv Aften.

Blant dei som skal heidrast er Roger Andresen som køyrde ambulanse for Norsk Folkehjelp, Veseljko Bajic som køyrde 37-bussen som frakta skadde frå regjeringskvartalet til Oslo legevakt, John Henrik Francke som hadde det overordna ansvaret for innsatsen til brannvesenet i regjeringskvartalet, og politimannen Kenneth André Tunaal som sat i den første patruljebilen som kom til staden og som bar hardt skadde menneske bort frå området.

- Først tenkte eg: «Tør eg dette her? Har eg nok kunnskap og kapasitet til det?» Men det var eigentleg ikkje tvil. Det er alltid noko ein kan hjelpe til med, seier sjukepleiarstudenten Pia Olsrud som også blir feira i rådhuset. Olsrud blei køyrd til Utvika der ho hjelpte skadde ungdomar på landsida av Utøya.

Utanom desse fem, blir også ytterlegare fire heidra. Dette er ambulansesjåførane Tony Andreassen og Jan Bråthen, som begge hamna midt i kaoset i regjeringskvartalet, utrykkingsleiar Bjørn Arnesen ved Hovudbrannstasjonen i Oslo og den første brannmannen på staden, og politibetjenten Iselin Munkelien Haugen, som hadde sin første arbeidsdag ved Sentrum politistasjon og som sat i den første patruljebilen som kom til regjeringskvartalet saman med Tunaal. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.