Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Taylor hevdar han er urettferdig dømd

(NPK-NTB-AFP): Den krigsforbrytardømde ekspresidenten i Libya, Charles Taylor, skuldar aktoratet ved FNs spesialdomstol for Sierra Leone for å ha betalt vitne.

- Vitne blei betalte, tvinga og i mange høve truga med straffeforfølging dersom dei ikkje vitna, hevda Taylor under ei høyring onsdag.

Den 64 år gamle tidlegare krigsherren blei i førre månad funnen skuldig i medverknad til krigsbrotsverk i Sierra Leone. Straffeutmålinga er varsla 30. mai.

Taylor blei funnen skuldig på alle dei elleve tiltalepunkta, blant dei medverknad til drap og valdtekt utført av RUF-opprørarane som han selde våpen til mot betaling i såkalla bloddiamantar.

Sjefaktoren i saka mot han, Brenda Hollis, la tidlegare i månaden ned påstand om fengsel i 80 år, medan forsvararane til Taylor hevda at ei slik straff vil vere grovt urettferdig.

- Eg hadde berre éin ting i tankane, og det var å fremja fred i Sierra Leone, hevda Taylor under høyringa onsdag.

Den tidlegare krigsherren etterlyste likskap for lova og stilte spørsmål ved kvifor ikkje USAs president George W. Bush blir stilt for ein internasjonal domstol.

- For ikkje lenge sidan gav han ordre om tortur og vedgjekk at han hadde gjort det, men USA nektar å straffeforfølgje han. Står han over lova? Kvar er rettferda? ville Taylor vite.

Taylors sjefforsvarar Courtenay Griffiths stadfesta onsdag at det blei gjort krigsbrotsverk i Sierra Leone, men hevda at Taylor «berga landet» ved å gå av som president i Liberia.

Griffiths omtalte vidare FNs spesialdomstol for Sierra Leone som «politisk» og «selektiv».

- Den internasjonale lova blir styrt av tyngdekrafta. Vaktarane av internasjonal rettferd har enno til gode å finne eit einaste brotsverk gjort av ei kvit stormakt mot farga menneske, sa han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.