Det skriv VG.
Politiadvokat Bjørn Pettersen ved Romerike politidistrikt ønskjer ikkje å kommentera opplysningane.
Ifølgje avisa greip politiet måndag ein mann i 20-åra. Tysdag blei han sikta for væpna ran av verditransporten og varetektsfengsla i fire veker.
Forsvarar for mannen, advokat Brynjar Meling, seier klienten hans nektar straffskuld og stiller seg uforståande til siktinga.
- Han meiner å ha gode forklaringar på dei punkta som politiet presenterte i retten og som mistanken byggjer på, seier Meling til avisa.
Politiadvokat Pettersen seier at dei vil halda fram å etterforska saka for fullt, og kan ikkje sjå bort frå at fleire blir arresterte.
Ranarane som slo til mot verditransporten frå Nokas fekk med seg rundt 10 millionar kroner, men politiet vil ikkje seia om dei har funne heile eller delar av utbyttet. (©NPK)

