Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Høgre vil justera tilbodet til bøndene

(NPK-NTB): Høgre meiner tilbodet til bøndene må bli justert når Stortinget får jordbruksoppgjeret til behandling. Men partiet er ikkje klar til å bla opp meir pengar.

- Forslaget til regjeringa til jordbruksoppgjer er ikkje hogd i stein. Vi bør ha høve til å sjå på det og gjera endringar når forslaget først blir lagt fram for Stortinget, seier landbrukspolitisk talsmann i Høgre, Svein Flåtten, til NTB.

Rasande bønder aksjonerer over heile landet etter at dei to bondeorganisasjonane laurdag braut forhandlingane med staten. Tilbodet frå staten var 13.000 kroner meir per årsverk. Bøndene kravde 50.000.

- Det er eit svært høgt krav som heilt sikkert ikkje vil bli innfridd. Høgre tek utgangspunkt i tilbodet frå staten, som er på linje med andre tilbod i jordbruksoppgjeret dei siste åra, seier Flåtten. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.