Ei BMC-melding på Twitter fortel at årsaka skal vere at nordmannen er nedkøyrt og utsliten.
Allereie på lagtempoetappen to dagar tidlegare viste Hushovd teikn på veikskap då han ikkje greidde å henge med lagkameratane til mål over 32,2 kilometer. Torsdag enda han over ni minutt bak teten på ein flat etappe.
- Eg har ikkje snakka med Thor enno, så eg veit ikkje kvifor han braut, sa trenar Atle Kvålsvoll til NTB.
Det var venta at 2010-verdsmeisteren ville delta i rittet iallfall fram til dei vanskelegaste fjelletappane tar til om ei veke. Giro d'Italia blir sykla som oppkøyring til Tour de France, og det var uansett ikkje veldig aktuelt for Hushovd å fullføre alle dei 21 etappane i Italia.
Det neste rittet for 34-åringen er først 9. juni i Tour de Suisse.
Til no har Hushovd hatt ein svak sesong. Sjukdom og velt sette han tilbake i vårklassikarane. Målet om ein etappesiger i Giro d'Italia vart borte då Thor Hushovd sette seg i følgjebilen fredag.
Ein av etappane som peikte seg ut for nordmannen var nettopp fredagsetappen over 207 kilometer frå Urbino til Porto Sant'Elpidio.
Alexander Kristoff (Katjusja) og Gabriel Rasch (FdJ) fortset rittet, som blir avslutta i Milano 27. mai. (©NPK)

