Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Media får ikkje vise klippet av skokastaren

(NPK-NTB): Oslo tingrett vil ikkje gjere unntak frå kringkastingsbodet for å gi media moglegheit for å vise klippet av mannen som kasta ein sko og ropte mot Anders Behring Breivik i retten fredag føremiddag.

Tingretten seier seg einig i at saka har stor offentleg interesse, men at sterke personvernomsyn talar mot kringkasting. Personvernet til dei berørte i salen blir òg vektlagt.

- Retten mener at den omstendighet at en fornærmet får en kraftig følelsesmessig reaksjon ikke bør foranledige at tillatelse gis, skriv retten, som òg sluttar seg til innvendingane frå partane.

Både forsvarar Geir Lippestad og aktoratet frykta ein smitteeffekt dersom media fekk vise opptak av opptrinnet i retten då ein ung mann skreik og kasta ein sko mot Breivik.

Vedkomande er bror av 18-åringen som hadde kome til Noreg som einsleg, mindreårig asylsøkjar og som vart drepen på Utøya.

Både NRK og ei gruppe aviser har søkt Oslo tingrett om å få vise opptak av det som skjedde. Harald Stanghelle, leiar av mediegruppa som har kontakt med retten under terrorsaka, viste til den allmenne nyheitsinteressa denne saka har.

- Det finst opptak av det som skjedde tidlegare i dag, det skjedde i open rett, og dette har prega nyheitsbiletet i dag. Vi står fritt til å referere, tolke og kommentere det som skjedde. Men vi kan ikkje bruke opptak av det som skjedde, peikte han på, og ber om eit unntak frå det generelle kringkastingsforbodet.

Stanghelle forsikra at både mannen som stod bak opptrinnet, og dei som sat rundt, ville bli sladda. Han viste òg til at vedkomande har vorte intervjua og avbilda av fleire medium om det som skjedde.

Både forsvararane til Breivik og aktoratet var redd ei kringkasting ville gi ein smitteeffekt som er uheldig for verdigheita til retten og arbeidssituasjonen til forsvararane.

- At dette blir applaudert og at enkelte medium skildrar det som frigjerande, ser på vi som uheldig, sa Lippestad.

Det var medforsvarar Vibeke Hein Bæra som vart treft av skoen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.