annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

McClean trua på livet etter EM-uttak

(NPK-NTB-AFP): Sunderland-spelaren James McClean har vorte trua på livet etter at han måndag vart tatt ut i den irske troppen til fotball-EM.

McClean spelte for dei aldersbestemte landslaga til Nord-Irland, der han er fødd, men så tok han den omstridde avgjerda om å krysse grensa og spele landslagsfotball for Irland.

23-åringen kom måndag med i EM-troppen til Giovanni Trapattoni sjølv om han berre har eitt innhopp for landslaget.

McClean tvitra måndag om uttaket: «Absolutt stolt og kunne ikkje vore lukkelegare over å bli kalla inn til å representere landet mitt i EM. Inga betre kjensle», skreiv han.

Meldinga vart følgt av enkelte støtteerklæringar, men også med sekterisk hets og dødstruslar.

McClean svarte først ved å tvitre ein spøk om at tilhengjarane til Nord-Irland heller burde følgje sitt eige lag i EM - «å, vent, pinleg. haha».

Tysdag vart likevel twitterkontoen til McClean stengt. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.