Sentralbanksjef Giorgos Provopoulos åtvarar samstundes mot at arbeidsløysa vil stige endå meir.
I mars anslo sentralbanken at bruttonasjonalproduktet til landet ville krympe med 4,5 prosent.
I ein tale tysdag sa sentralbanksjefen også at Hellas vil kunne bli tvinga til å forlate eurosamarbeidet dersom landet ikkje held fram med nedskjeringane og reformene som er avtalt med EU og Det internasjonale pengefondet (IMF), etter valet på ny nasjonalforsamling 6. mai.
Ifølgje meiningsmålingar ligg sosialdemokratiske PASOK og konservative Nytt demokrati an til å få eit knapt fleirtal, slik at dei kan danne ei ny samlingsregjering. Fleire av partia som er imot krisetiltaka, ligg an til å få auka oppslutning, medan dei to regjeringspartia går kraftig tilbake. (©NPK)
