Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Mann får millionerstatning 20 år etter falsk voldtektsskulding

(NPK-NTB): Ein no 65 år gammal mann får 3,6 millionar kroner i erstatning, etter å ha blitt feilaktig sikta for valdtekt av ei 19 år gammal kvinne i 1992.

ARRAY(0x2ac2148)

22. oktober 1992 vart han gripen av politiet, og året etter vart mannen dømt til eitt år og åtte månaders fengsel. Dommen sona han ferdig i mars 1995.

Ti år seinare vart kvinna avslørt som løgnar, i England. Den no 39 år gamle kvinna skal ha loge for å skjule at ho var utru mot den britiske ektemannen sin. Ho vart i 2005 dømt til eitt års fengsel i britisk rett for å framsett falske skuldingar om valdtekt.

Tre år seinare, i 2008, vart mannen frifunnen og tilkjent 1,8 millionar kroner i erstatning i Frostating lagmannsrett. Saka vart anka fordi 65-åringen ikkje fekk medhald i at straffeforfølginga øydela livet og helsa hans.

Dette er Salten tingrett usamd i og har no tilkjent mannen til saman 3,6 millionar kroner i erstatning og oppreisning.

Advokat Roald Angell seier til avisa at den nye dommen er gledeleg, men vurderer likevel å anke.

- Erstatninga er framleis for låg etter vår meining, seier han.

Påstanden for Salten tingrett var 5,6 millionar kroner i erstatning og 1,7 millionar kroner i oppreisning.

Etter soning fekk mannen hjertesvikt og utvikla angst, og kom aldri tilbake i arbeid. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.