Ein ny rapport frå Pew Hispanic Center viser at immigrasjonen frå Mexico til USA byrja å minke for fem år sidan. For få år sidan kan han til og med ha byrja å gå tilbake, skriv BBC.
Årsakene til nedgangen er ifølgje rapporten økonomi, auka grensekontroll og lågare mexicanske fødselsratar.
Ifølgje rapporten er det komme over 12 millionar menneske frå Mexico til USA sidan 1970, over halvparten av dei på ulovleg vis. Men i perioden 2005- 2010 endra biletet seg markant. Då kryssa 1,37 millionar mexicanarar grensa til USA, medan 1,39 millionar mexicanarar drog den andre vegen.
I åra 1995- 2000 kom om lag 2,9 millionar mexicanarar til USA, medan berre 670.000 reiste den andre vegen.
- Det er ikkje mogleg å vite heilt sikkert, men trenden i den siste femårsperioden tyder på at straumen tilbake til Mexico truleg er større enn innkomsten frå Mexico det siste året eller to, heiter det i rapporten. (©NPK)

