Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

To skadde frakta til Sykehuset Østfold

(NPK-NTB): To skadde personar er frakta til Sykehuset Østfold etter eksplosjonen i Fredrikstad. Sjukehuset har avblåst katastrofealarmen.

- Vi har ikkje fått melding om at det kjem fleire. Vi har kontroll over situasjonen. Ambulansen skal vere der inntil ein har avklart ulukkesstaden, seier direktør Anne Grethe Erlandsen for kommunikasjon og samhandling ved sjukehuset.

Politiet i Østfold har stadfesta at éin person er omkomen og tre er skadd.

- Då vi høyrte om eksplosjonen vart det slått katastrofealarm hos oss. No har vi dempa det til at vi kallar inn det personellet vi har behov for viss det er nødvendig, seier Erlandsen til NTB. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.