Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Noreg ut av Faryab i haust

(NPK-NTB): Noreg avsluttar det militære engasjementet sitt i Faryab-provinsen i Afghanistan til hausten på oppmoding frå NATOs ISAF-styrke, opplyser Forsvarsdepartementet.

ARRAY(0x28fefc8)

ISAF-leiinga informerte forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) om den justerte planen for Faryab då ministeren besøkte Kabul søndag.

- Prosessen med å overføre sikkerheitsansvaret i Faryab til afghanarane er allereie godt i gang ved at afghanarane sjølv har leidd dei militære operasjonane i provinsen i lang tid. Dei afghanske sikkerheitsstyrkane blir derfor rekna for å vere i stand til å overta sikkerheitsansvaret i provinsen allereie no i haust, seier Eide.

- Vi gjekk inn med våre allierte og vil først trekkje oss ut med våre allierte når tida er inne. At PRT-oppdraget blir avslutta no i tråd med ønsket til ISAF endrar ingenting på dette, seier Eide.

ARRAY(0x2b86e10)

Til Aftenposten seier forsvarsministeren at uttrekkinga på ingen måte signaliserer slutten på det norske nærværet i Afghanistan. Han kallar det ei «rasjonalisering og kraftsamling» av dei Nato-leidde ISAF-styrkane.

- Noreg vil framleis ha eit substansielt militært bidrag i Afghanistan heilt fram til utgangen av 2014, heiter det frå Forsvarsdepartementet.

Noreg vurderer ytterlegare bidrag både i Kabul og i Mazar-i-Sharif når oppdraget i Faryab blir avvikla. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.