Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Éin stadfesta omkomen etter eksplosjon i Fredrikstad

(NPK-NTB-Dag Kjørholt og Solveig Joten Svensen): Ein person er stadfesta omkomen og tre er skadd i gasseksplosjonen i Mills-fabrikken i Fredrikstad.

Eksplosjonen skjedde i eit propananlegg knytt til Mills Fabrikker i byen. Det er meldt om store materielle skadar på sjølve fabrikkbygningen og nærliggjande bygningar.

Den første meldinga om eksplosjonen kom klokka 16.16, og det vart slått katastrofealarm hos naudetatane og helsevesen i fylket. Redningsmannskap og spesialhundar søkte måndag ettermiddag og kveld gjennom bygningen etter eventuelle personar der inne, men politiet trur ikkje det er skadde eller omkomne der.

Operasjonsleiar Terje Marstad i Østfold politidistrikt seier til TV 2 at politiet no er over i ein fase der ein skal byrje å finne ut av kva som eigentleg har skjedd.

- No byrjar vi snart å meine å ha kontroll på at vi ikkje saknar nokon, og vi har kontroll på dei skadde og ein omkomen, seier Marstad.

Han legg til at det er litt tidleg å slå fast at det ikkje er fleire skadde, men at politiet har all grunn til å tru at ingen fleire personar vart fysisk ramma av eksplosjonen.

Om lag 20- 25 personar var på jobb i fabrikken då det small. Ein kvinneleg Mills-tilsett vart lettare skadd i eksplosjonen. Selskapet har sendt folk til fabrikken for å ta hand om dei tilsette.

Østfold politidistrikt har bede om hjelp frå bombegruppa ved Oslo politidistrikt. Måndag kveld går det føre seg teknisk og taktisk etterforsking på staden.

Det er ikkje lenger eksplosjonsfare i området, ifølgje brannvesenet, men politiet har oppretta ei sikkerheitssone rundt fabrikken.

Hovudredningssentralen Sør-Noreg sende eit Sea King redningshelikopter til Fredrikstad for å frakte ut eventuelle skadde, men det vart kalla tilbake like etter klokka 18.30.

- Meldinga vi fekk frå AMK var at fleire kunne vere omkomne og hardt skadd, sa redningsleiar Ola Vaage til NTB kort tid etter eksplosjonen.

To av dei skadde vart sendt til Sykehuset Østfold i Fredrikstad.

Eksplosjonen skjedde sannsynlegvis i samband med tømming eller vedlikehaldsarbeid av ein gasstank.

- Årsaka til ulukka og konsekvensane av den kjenner vi ikkje til. Her og no er fokuset vårt å ta vare på dei som treng det, seier administrerande direktør Tore Haugsdal i Mills.

Etter det fabrikksjef Hilde Fløgstad ved Mills i Fredrikstad opplyser skjedde eksplosjonen då ein gassbil var i ferd med å tømme og utføre service på ein tank på området.

Østfold politidistrikt fekk melding om eksplosjonen klokka 16.20, men den første meldinga om eksplosjonen kom til AMK klokka 16.16.

Eit ambulansehelikopter landa ved fabrikken klokka 17.15, fortel István Tálos, som kom køyrande forbi eksplosjonsstaden kort tid etter at det small.

- Eit stort område er sperra av rundt eksplosjonsstaden og det er betydelege skadar på bygningane rundt. Blant anna er glasfasaden i ei Biltema-forretning like ved heilt knust. Også sjølve produksjonshallen til Mills ser ut til å ha fått betydelege skadar, seier Tálos til NTB.

Han legg til at ei samling lagertankar på utsida ser ut til å vere intakte, det same gjeld ein stor gasstank inne på området.

Eit vitne som var på Biltema-forretninga fortel om eit veldig smell.

ARRAY(0x1aa9dc0)

Ein av dei tilsette i forretninga, Monica Nordahl, var på jobb då det small.

ARRAY(0x14c6ef0)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.